torsdag 22. november 2012

Osmose i raudlauk

Hensikt: 
Hensikta med forsøket var at vi skulle få sjå kva som skjedde når vi tok ei saltløysning på hinna til raudlauken. Vi skulle sjå om vatnet trengte inn i cellene, noko som vi kallar for det osmotiske trykket.

Teori:
Osmose er definert som diffusjon av vatn gjennom ei delvis gjennomtrengelig hinne. (selektivt permeabel) Osmose er ein passiv transport, det treng altså inga energi. Vatnet passerer ifrå ein plass der det er høg konsentrasjon av vatn til ein stad med lågare konsentrasjon av vatn. I dette forsøket skal vi sjå på osmose i levande celler frå raudlauk. Raudlauken er fin å bruke til dette forsøket sidan cellene er så tydelige på grunn av den raude fargen.

Framgangsmåte:
1) Det aller første vi gjor var å ta av ein hinne frå ein raudlauk. Deretter låg vi dette opp på eit objektglass og eit dekkglas opp på raudlauk-hinna.
2) Etter vi hadde studert korleis cellene såg ut med mikroskopet før vi tilsette saltløysninga, tilsette nettopp vi saltløysninga ved kanten av dekkglasset.
3) Når vi hadde tilsett saltløysninga såg vi at cellene "skrumpa" inn. Her har vatn diffundert ut av cella, og celleinnhaldet skrumpar derfor inn.


Utstyrsliste

  • Raudlauk
  • Objektglas
  • Dekkglas
  • Mikroskop
  • Skalpell
  • Dropeteljar
  • Metta NaCl-løysning.
  • Filtrerpapir


Resultat:




Diskusjon:


Når saltløysninga som blei tilsett cellene i raudlauken blei vatnet frakta ut av cellemembranen på grunn av osmose - dette er fordi det balanserar forskjellen mellom cellene og miljøet på utsida. Dette kallar vi for det osmotiske trykket. Dette førte til at cytoplasmaet endret volum, cellemembranen foldet seg og det røde pigmentet blei konsentrert og fikk dermed ein mørkare farge. Dette stemmar med teorien, men da ferskvatnet blei tilsatt, skjedde det noko som avvek frå teorien.




Konklusjon:
Vi konkluderte oss fram til at vi faktisk kan sjå kva som skjer når vi tilsett ei saltløysning der cellene allerede hadde vatn i seg. Vi lærte og at vatnet diffiderar ut frå cella sidan saltet "tørkar" det ut, akkurat som med klippfisk bl.a. Når saltløysninga som blei tilsett cellene i raudlauken

Feilkjelder:
Ulike feilkjelder som kunne ha oppstått i dettte forsøket var at hinna kunna ha vore øydelagd, vi kunna ha tatt feil saltløysning og tatt noko heilt anna enn sjølve saltløysninga.